Rakssetra, Oppheimsetra, Årheimsfjellet

Familievenlege utflukter og fotturar til setervollar og vidare til fjells. Utgangspunkt frå Oppheim i Loen.

 Rakssetra

Rakssetra er ei fin, nasjonalromatisk seter som ligg like ovanfor Oppheim i Loen. Den er relativt lett tilgjengeleg, om lag ein halv times gåtur på fin sti gjennom skogen frå parkeringsplassen. Kanskje er det derfor den har blitt så populær dei siste åra – på folkemunne blir den kalt for «Instagram-setra».

Og setra er definitivt fotogen. Med utsikt rett mot fjorden og innover mot Olden og Oldedalen.

Frå Rakssetra kan ein gå litt vidare, til Oppheimsetra. Der er setervollen litt brattare, og der er ikkje så mange sel og hytter – men utsikta er like fin, om ikkje finare!

Om ein vil gå høgare til fjells, så er moglegheitene mange, for no kan ein kome inn på stiane frå Loen Skylift og utover mot Årheimsfjellet.