Rom med utsikt til fjord og fjell!

Olden Fjordhotel har 60 rom, alle med utsikt over vakre Nordfjord. Alle rom har bad, TV og gratis wifi. Dei aller fleste romma har også privat balkong, der ein på ein fin sommardag kan nyte solnedgangen over Hogden i vest.

Vi kan dessverre ikkje akseptere kjæledyr på rommet.

  • Standard Twin

    Standard Twin er eit dobbeltrom med to separate senger plassert saman.

    Gode sengar og flislagt bad med varmekablar, mini-badekar og/eller dusj. Flatskjerm TV og gratis Wifi. Teppe- eller parkettgolv.

    Privat balkong med utsikt til fjord og fjell!

  • Standard Twin Plus

    Standard Twin Plus er eit dobbeltrom med to separate senger plassert saman, samt ei sittegruppe der sofaen kan gjerast om til ekstra soveplass.

    Dette er relativt store rom, med gode sengar og godt bad med varmekablar. Parkettgolv, skrivebord, flatskjerm TV, minikjøleskap og gratis Wifi.

    Privat balkong og utsikt til fjord og fjell!

Olden Fjordhotel er eit nostalgisk, klassisk hotell med ein funksjonalistisk stil, fint plassert i solhellinga rett ved Olden Brygge.  Hotellet har 60 rom, bar, restaurant og ein velstelt hage med flott utsikt til fjord og fjell.

Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift.