Panoramavegen, Kulturløypa på Ulvedal, Tvinnefossen

Familievenleg utflukt med fotturar og kulturopplevingar i fin natur.

 Panoramavegen

Dette er vegen som går langs nordsida av Nordfjord, frå Stryn og utover forbi Robjørgane, Blakset, Ulvedal, Fjelli, Nos, Randabygda og vidare over Kvalen mot Lote og Nordfjordeid.

At vegen blir kalla «Panoramavegen» er lett å forstå når ein tar turen. Mange stader ligg vegen høgt og fritt med fin utsikt, for eksempel ned mot Blakset kai, eller over fjorden mot Innvik, Utvik og Tistam.

På Ulvedal har bygdefolket laga ei kulturløype. Ein kan parkere ved Sagedammen, og deretter gå ned mot Ulvedalsfjellet, Ulvedalsjølet og Baggehola. Eller ein kan gå oppover mot Demmene, langs fint restaurerte kvernhus, og vidare til den tusen år gamle Vetestova. Så kan ein returnere til Sagedammen via husmannsplassen Rabben, forbi den gamle stemneplassen Lunden i Ulvedalstunet.

Både sommar og vinter kan ein finne fint turterreng her ute. Ved Bergset kan ein svinge av til Nordfjord Fritidssenter. Her er det fine setervollar og støylar: Rosetstøylen, Ulvedalsstøylen, Bergsetstøylen, Ytre- og Indre Sølvbergstøylen. Om vinteren er «femstøylsløypa» ei av dei mange preparerte løypene. Topptur-entusiastar kan starte her og gå til Bersetnakken i skredsikkert terreng.

Vidare utover kan ein nemne utsiktpunktet på Nos, eller ein kan køyre ned til Rand skule og gå inn under Tvinnefossen.