Kort veg til gode minner

Olden Fjordhotel er eit nostalgisk, klassisk hotell med ein funksjonalistisk stil, fint plassert i solhellinga rett ved Olden Brygge.  Hotellet har 60 rom, bar, restaurant og ein velstelt hage med flott utsikt til fjord og fjell.

Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift.

Olden Fjordhotel har skapt gode minner for lokale og tilreisande sidan 1953. I starten var det riktig nok kjent som Solstrand Pensjonat, men vertinna Aud Muri skapte god atmosfære og visste å drive eit godt reiselivsprodukt.

Sidan vart det ei stor utviding i 1971, og då vart namnet endra til Olden Fjordhotel. I 1995 kom «nyefløya» til. Adressa vart Solstrandvegen 1, som naturleg er.

I dag er det ein annan, lokal familie som eig hotellet. Vi vil gjere vårt beste for å utvikle produktet vidare, til det beste for gjester og dei som arbeider her. Vi er klar over at reiselivet i Nordfjord er avhengig av naturen og kulturlandskapet, og vi vil gjere vårt for å støtte lokalt landbruk og næringsliv.

Vi er stolte over uteområdet og hagen vår. Mange har opplevd fine sommarkveldar her, med solnedgang over Hogden i vest.

Vi håpar at du og vil få eit fint opphold, og at du reiser herifrå med gode minner!