Kjenndalen, Kjenndalsstova, Kjenndalsbreen

Familievenleg utflukt frå Lodalen

 Kjenndalen

Innerst i Lodalen finn vi Kjenndalen, Kjenndalstova og Kjenndalsbreen. Dette er populære turmål for mange. Også her kan det bli mange fotostopp før ein kjem til det eigentlege målet. Vegen går langs Lovatnet, som har denne karakteristiske turkisgrøne fargen. Langs vegen ligg velstelte gardar, fine campingplassar og andre populære motiv, som for eksempel den gamle seterklynga Breng.

Lenger inne i dalen kan ein stoppe og lese om dei tragiske Lodalsulukkene i 1905 og 1936, der deler av Ramnefjell raste ut i vatnet og skapte flodbølger som raserte alt i sin veg og tok livet av 135 personar. Der står også ei minnetavle og ein pent opparbeida minnelund.

Herifrå er det nesten 10 kilometer bomveg inn til parkeringsplassen ved Kjenndalsbreen. Då gjenstår  berre ein kort spasertur inn mot utkikspunktet mot breen. Ein bør ikkje gå heilt inn til breen uansett. Breen kan «kalve» og skape farlege situasjonar om ein er for nær.

Den lokale kunstnaren og forfattaren Sivert Nesdal utga ei bok med tittelen «Lodalen, fager og fårleg.» Den kan ein gjerne lese om ein er interessert i historia om dalen, ulukkene og folket som levde her før.

På returen kan ein gjerne stanse ved Kjenndalstova for ein matbit eller kaffipause.