Fjellgarden Segestad

Familievenleg fottur frå Hjelle i Oppstryn

Segestad

Segestad er ein fråflytta fjellgard på Hjelle i Oppstryn. «Segestads Vener» har dei siste åra restaurert bygningane på garden, slik at den i dag framstår som eit lite museum. Alle bygningane er opne for publikum. I huset er det bevart møblar og inventar frå gamal tid. I låven er der gamal reiskap og spor etter farne tider.

Garden ligg på 314 meters høgde, og er relativt lett tilgjengeleg på godt merka sti. Det kan være litt bratt enkelte stader, og barn vil kanskje ha ei hand å halde i. Men dette er rekna som ein fin familietur.

Turen startar ved garden Glomnes, der det er ein liten parkeringsplass. Ein fin sommardag kan ein kanskje likegodt parkere ved Hjelle Hotell, og starte turen der.

Utsikten frå denne fjellgarden er fantastisk. Fosnes  og grendene i Oppstryn; Erdalen, Storskredfjellet og nedover mot Flo og Mindresunde.

Segestad fekk i nyare tid montert løypestreng, slik at ein kunne frakte varer både opp og ned til bygda. Dette var ganske vanleg på gardane rundt om i distriktet, men då kanskje i lettare terreng enn opp til Segestad! Løypestrengen står der enno, og er eit populært motiv på Instagram.

På turen ned att kan ein gjerne stikke bort til Glomnesfossen, der det også er eit minikraftverk.