Sauskorholten, Kattanakken

Fjelltur frå Briksdalen, Olden

Briksdalen, Sauskorholten og Kattanakken

Dette er ein litt meir krevjande tur.

Sauskorholten ligg høgt og fritt over Oldedalen, like nedanfor fjellpartiet Kattanakken, med utsikt til breplatået og den mektige Jostedalsbreen; Briksdalen og Briksdalsbreen, Melkevollsbreen, Oldedalen og Oldevatnet.

Turen startar ved Briksdalsbre Fjellstove. Gå mot Briksdalsbreen, gå forbi Kleivafossen og opp på platået, der vegen delar seg ved brua. Sjå etter skilt mot Kattanakken, og gå mot breen på høgre side av elva

Stien mot Kattanakken går opp i krattskogen og over et parti med blankskurte berg. Av og til kan en miste stien – men du skal oppover!

Første del av turen går i krattskog, med stadig betre utsikt ned mot Briksdalsbreen. Når ein kjem over skoggrensa, blir terrenget brattare, men utan at det kjennes utrygt. Oppe på Sauskorholten kan ein nyte fin utsikt, og med eit godt kamera blir minnene svært gode!

Turen kan gå vidare opp på Kattanakken, men dette er kun å anbefale for erfarne turgåarar, og då i godt vær.