Oldedalen, Briksdalen, Briksdalsbreen

Familevenleg utflukt og lett fottur i flott natur mot Briksdalsbreen

 Briksdalen

Dette er eit fint turmål for heile familien. Ta gjerne med bestemor og bestefar!

Ein kan gjerne spandere nær heile dagen på denne turen. Om været er fint, vil ein gjerne stoppe fleire gonger langs vegen opp gjennom Oldedalen. Der er mange flotte motiv, faktisk er turen langs Oldevatnet, med grønt brevatn og velstelt kulturlandskap, verdt turen i seg sjølv. Mange intrykk, allereie før en kjem fram til parkeringsplassen ved Briksdalsbre Fjellstove, der den eigentlege turen startar.

Parker ved Briksdalsbre Fjellstove. Gå langs merka veg og sti mot Briksdalsbreen. Legg merke til skilt med informasjon om breen; både unge og eldre kan finne det interessant å sjå kor langt ned i dalen breen låg, også i moderne tid.

Det er mogeleg å leige transport mot breen. Informasjon om dette finns ved Briksdalsbre Fjellstove.

Elles er det berre å nyte naturen opp mot breen: Elva, fossane, moreneryggane, setervollen og beitande geiter.

Beregn gjerne en time på køyreturen frå Olden til Briksdalsbre Fjellstove; deretter en time på spaserturen til breen, og gjerne det same på returen.