Loen Skylift

Gondolbane frå Loen til fjellpartiet Hoven, 1111 moh.

 Loen Skylift

Loen Skylift er ei gondolbane som går frå Loen og opp på fjellpartiet Hoven, der det er restaurantar, amfi, og terassar med spektakulær utsikt over Loen, Lodalen, Olden, Oldedalen og utover Nordfjord

Frå Hoven er det lagt til rette for korte eller lengre fjellturar, både sommar og vinter. Toppturen på ski til Staurinibba, for eksempel, er fantastisk. Om du ikkje vil gå oppover, kan du renne «off piste» ned til Oppheimsetra. Ein kan leige truger og gå ein tur i fjellet, med eller utan guide. Ein kan leige kjelke, og ake heile vegen ned til Oppheim. Kanskje er det sant at det er «Norges lengste akebakke?»

Ein kan gå fine fotturar i nærområdet oppe på Hoven, for eksempel «Jølrunden.» Der er også fine, godt merka og tilrettelagde turstiar utover mot Årheimsfjellet.

Om sommaren kan du kome til topps ved å gå opp til Hoven i Via Ferrata, ein klatresti med fleire ruter oppover fjellsida og ei luftig bru over jølet. Ta kontakt med Loen Active for leige av utsyr.

Om sommaren kan ein også gå eller sykle frå Oppheim via bomvegen opp til Hoven, om ein meiner at gondolen er litt for luftig, eller at klatrestien er litt for bratt.