Skåla Opp. Og ned.

Skålatårnet, Loen. © Olden Fjordhotel

Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift. Det er dette som er utgangspunktet for slagordet vårt: Kort veg til gode minner!

I dag vil vi anbefale ein tur til det majestetiske Skålatårnet i Loen. Ein dagstur for dei fleste, og ei god treningsøkt for andre:

Laurdag 13. august er det klart for motbakkeløpet Skåla Opp. Fleire kjende profilar og motbakkeløparar i verdstoppen vil delta også i år, faktisk er konkurranseklassen full, med heile 948 påmelde. Nokre av disse har ambisjonar om å slå løyperekordane: 1 time og 20 minutt i kvinneklassen (Anita Håkenstad Evertsen, 2008; 1 time og 7 minutt i herreklassen (Ahmed Arslan, 2012).

Folk flest brukar nok meir tid enn dette på ein tur til Skåla. dette kan være ein fin dagstur for heile familien, med besøk i Skålatårnet og kanskje til og med overnatting på Skålabu (DNT). Ein kan godt rekne fem timar opp og fire timar ned igjen.

Litt raskare, i godt turtempo, kan ein rekne ein time til Sjingla (brua over elva ovanfor Tjugen seter), deretter ein time til Skålavatnet og ein time derifrå og til toppen. Med to fem-minuttspauser er vi då på 3 timar og ti minutt.

På toppen kan det være kald vind. Kanskje til og med nysnø, sjølv mot slutten av juli. Ta med eit klesskift og godt med mat og drikke. Men i klarvær er utsikta fantastisk. Du kan sjå bilder og lese meir om turen til Skåla her, saman med våre andre turforslag i nærområdet.

God tur til Skåla. Både opp og ned igjen!

Olden Fjordhotel

Kort veg til gode minner!

Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift.

Forrige
Forrige

Kjøkensjefens anbefaling i dag

Neste
Neste

Ut på tur til Erdalsetra og Vetledalsetra