Pawel og Dawid styrer kjøkenet

Vi er glade for å presentere Chef Pawel og Sous Chef Dawid. Dei har alt under kontroll på kjøkenet denne første dagen av sesongen.

I dag har vi prøvesmakt nokre spennande rettar. Blant anna røykelaks med fyll av kremost, grøn salat og sukkererter. For ikkje å gløyme en nydeleg Carpaccio av okse indrefilet med marinert pære, bakte hasselnøtter og geitost.

Og eit par hovedrettar, sjølvsagt. I dag var det pannesteikt ørret med rogn og smørsaus. Til slutt ein nydeleg indrefilet av okse med amadinepoteter og sjampinjongsaus.

Kom gjerne innom for å smake!

Olden Fjordhotel

Kort veg til gode minner!

Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift.

Forrige
Forrige

Utstilling: Akvarellmaler Oddvin Ose

Neste
Neste

Vi har opna sesongen 2023!