Ny A la Carte

Olden Fjordhotel

Vi er stolte av maten vi serverar her på Olden Fjordhotel. Når vi har mange gjester, slik det har vore mange kveldar no i juni, så er det praktisk med buffet. Og, om vi skal seie det sjølv - ein rikholdig og god buffet!

Sjølv om vi har buffet, vil vi vurdere bestillingar frå meny, spesielt for par eller små grupper, om kjøkenet har kapasitet. Spør gjerne servitøren om råd.

Uansett vil vi tilby A la Carte etter 2100.

No har vi fått inn eit parti prima hjort indrefilet, som vi har prøvesmakt og absolutt kan anbefale. Samtidig kan vi lokke med pannesteikt ishavsrøye i rømmesaus. Så då blir det valgets kvaler. Eller kanskje må det bli to besøk?

Og så var det dette med forrettane. Salad Niçoise, kanskje? Eller fritert Mozzarella?

Norsk versjon av menyen finn du her. Engelsk versjon her.

Velbekomme!

Olden Fjordhotel

Kort veg til gode minner!

Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift.

Forrige
Forrige

Ut på tur til Briksdalsbreen

Neste
Neste

Ny A la Carte meny